søndag 23. februar 2014

Kim Georg...Pjusken

No e Kim Georg kommen i hus. Han e oppatkalt etter kong Kim Georg som heilt sikkert levde i da gammla romerrike før år 0 elle noke sånt. Ikkje veit eg men han e i allefall blitt konge i huset. azzzzzzzzzzzzzzzzyst9888888nbi Akkuratt no e han travelt opptatt med å skriva blogg. Men so dåke kan sjå har han problemer med rettskrivning. Men +\ da e no vanligt at konga har. Akkuratt no datt han ned frå bordet. Jelpe meg kor da smalt.
Men han e kommen i hus og han e konge og eg har lurt på om han e i slekt med svanske kongen. For han og har vanskar med å følja dei rette instingto so ligge latent i addle dyr innklusive mennesje. Syklusen med da å eta grava hål dr... og grava øve e ikkje heilt innarbeid hos pjusken enda. Det må vera ein programeringsfeil. For Kim Georg begynna med å gå te matfatet. Da har han ingen problemer med. So ete han seg ferdige og drikke litt vatten....da e då da skjere seg...For itte atte at han e ferdig med å drikka begynna han å grava på golvet. Han grev og han greve på pure lufto og da kan sjå ut som om han kosa seg. So går han å gjere andre ting.
Itte ei tid melde behovet seg for at maten ska ut igjen og da og starta heilt itte bokjo. Han finne kattadoen med sand i , hoppa oppi og byrja snusa. So inntar han utgangsposisjonen og begynna å grava. Og han greve og greve, snur seg og ser kor store haug da e blitt og greve litt te. ..Då skjere da seg igjen ... for då vandra han heilt på toppen av haugen han har grave og so gjere han i frå seg der. Og ka skjer so...Jo han går ut av sanden og so greve han liksom øve da på golve i lausa lukto. Og agurkane blir liggjande oppå sandhaugen og dampa so da  dogga  på kjøkenglase. Og den som må grava øve da e meg. Men sånn e da. Svanskane må leva med kongen sin og eg med Kim Georg. Vist han slutta å hoppa fra ståvebordet då. Eg vit ikkje om dei tåle spagat med fira føte som monge gonge.

søndag 16. februar 2014

Kina...

Si da e lo i dag og sio eg syns da e forferdeligt kjedelikt ska eg i dag skriva om nåke so monge nok syns og e forferdeligt kjedeligt, eg ska nemmlig gå gjennom den Kinesiske historien frå år 0 te i dag og kansje komma inn på ka dette har å sei for oss so leve i dag. For da fysta: Kinesara e fulstendig galne og dei Kinesiske keisara var splitta pina galne. Da kan me slå fast allerede no med ein gong. Og adle keisarane trudde dei sku leva evig for dei va jo himmelenns sønner. Derfor lette mongen itte ein medusin so sku få dei te akkurat da, leva evig. For enkelte enda da dårligt, dei forgifta seg sjøl og dø. Og ein av keisarane, Hong meinte at han va Jesus yngre bror. Og i ett sammfun so baserte livet på konfusianisme og daoisme va da ikkje so enkelt å vidna fram med da synspunktet.
Men da fysta dynastie va Shang-dynastiet som regjerte frå da 1600-100 fkr. Og so gjekk da slag i slag med da eina dynastie itte da andra. Men felles for stort sett adle dynastiene va at dei va noke kløppara te å mura. Dei murte på adle tenkelige og utenkelige plasse. Og etter kvart gjekk da ein sport i da og dei hadde problemer med å slutta. Dei murte og murte og snart va dei kommen utenfor synsrado og ingjen hadde vet te å sei at dei sku stoppa. Derfor va Kina på ett tidspunkt fult av longe høge mura so ingjen kom seg øve. Ditta varte heilt te Djengis Khan kom frå Mongolia og reiv dei ned. Men straks han va ute av landet bygde Kinesarane dei opp igjen.
Men resten av verden brydde ikkje Kina seg om. For daoistane hadde ein filosofi so sa at dei hadde da best heima. "Uten å gå ut døren kan du kjenne verden. Uten å se ut vinduet kan du se Himmelens vei. Jo lengre bort du drar, desto mindre vet du". So da enda med att dei satt heima og syns dei hadde det greit der dei va og gredde seg med da dei oppfant sjøl. Og ein av tingene dei fant opp va lommatørkle. Og da fleire århundra før noken i veste hadde tenkt å snyta nasene med papir. Da vart ikkje fart i Kina sin utenrikshandel før i begynnelsen på 1800 talet då Engelskmenna frakta tusenvis av tonn med opium te Kina. Og da enda jo som da måtte. Du kan få ett inntrykk av korleis da arta seg vist du vandra rondt i Nygårdsparken i Bergen eller rondt sentrabanestasjonen i Oslo.
Men da aller mest kjenta dynastiet va Ming- dynastiet so regjerte frå 1368-1644 og som forutenom keiseren sjøl besto av tusenvis av evenukka. Og i den fysta Ming tio trossa dei daoismen og reiste heilt te India og Afrika. Men seinare angra dei seg og brendte alle båtane og la seg te i ming gravene sine som ligge litt utenfor Bejing.
So no veit dåke da.

søndag 9. februar 2014

Ol....

No e da vist lo eller ol so andre kalla da og da e vist noke so forferdeligt kjekt. Eg e vel ikkje lagde på den måten at ol e noke eg synst e so forferdeligt interessant. Tvert imot irritera da meg noke grenselaust  å sjå all den energien so går til spille i da forferdeliga logdryga arrangementet. For eksempel 5 mil på ski. Dei slite og dei svetta og dei streva seg oppøve bakkane og nedøve bakkane mens sikle henge frå naso og nedøve hako og av og te ner halsen. Og når dei endelig e kommen der dei hadde tenkt seg so vistnok heite mål so visa da seg at da e på samme plassen so dei starta frå. Ka e vitsen!!! Og so e da vist viktigt kenn so kjeme fyst. Eg trudde da va slutt på slike klasseskiller eg. Eg trudde da va slutt på at da ska vera forskjell på mennesker i allefall i ett demokratisk samfunn so da norska. Atte russara drive på me ditte e jo forståelig men at norge so e tufta på Gerhardesens solidariska samfunn kan driva på me sånt e uforståelig og ikkje lite flaut. Eg syns adle ska vinna eg. Da må vera ein menneskerett å vinna, og da burde våre forbudt å la noken tapa. For da e jo da politikara predika at adle må vera like og ha like rettigheter. For eksempel har me lik rett te å gifta oss med kenn me vill, dama med mann, dama og dama, mann og mann for da e ein menneskerett. Men da burde jo og være ein menneskerett at dei so vilde gifta seg med seg sjøl fekk lov te da og. Tenk for ei brullupsnatt da blir. Men i allefall burde adle vinna i ol ikkje berre den so kjeme fyst. Eg synst at fredsnasjonen norge  burde takka nei te å  vera med på dinna polariseringjo og  forskjellsbehandling av mennesje og til å oppildna te hat mydle nasjonana slik so ol gjere. Eg syns adle konkurransane burde våre avgjort på idealtid. Og so kunne ein også premiert flid. Altso korleis folk oppføre seg. For eksempel so burde adle so sikkla sleve nedøve kroppen våre diska.

søndag 2. februar 2014

Eg e so galen på tyngdekrafto

Eg e so galen på dinna tyngdekrafto. Det er nåke av da dommaste vår herre har lagt te. For da fysta so e tyngdekrafto nåke so forferdeligt svake, mykje svakare en dei andre 4 naturkreftene so styre landet, medregna regjeringjo.  Og då har eg ikkje rekna med Kristelig Folkeparti og Vinstre og helde ikkje LO. Men sjøl om  tyngdekrafto e svake har hu stor betydning for livene våres. Heilt utan blyksel gripe hu inn i dagliglivet og laga livet surt for oss. Da begynna allerede når me vakna om morgonen for da e tyngdekrafto sin feil at da e so forferdeligt tongt å reisa seg opp frå sengjo. Tyngdekrafto e  programert slik at akkuratt når du vakna e hu ekstra sterke.
Eg veit ikkje korleis da e med dåke men hos meg har kropsdelane ein tedens te å siga ut av posisjon i løpet av natto. So når morgonen kjeme ska da forferdeligt mykje strev te for å samla adle kroppsdelane  samen igjen. Og når alt e sånn nåkelunde på plass ska ein få kroppen opp av sengjo. Da e ett slit ska eg sei dåke. Og når ein endelig har fått føttna på dørken og ein står i innpakkningen ein fekk utdelt fra skapelsen av og ser i speilet, då kjeme tyngdekrafto igjen  og adle kroppsdelana sige sakte men sikkert på underhudsfettet nedøve mot golvet. Enkelte kroppsdela stoppa ikkje vandringjo før navl mens andre kroppsdela forsvinne heilt. Nei tyngdekrafto har mykje å svara for.

Tenk og på den fyste skituren på våren. Du står i brekkena og knena skjelve. Du veit at du ikkje må settja utføre fordi ditta har du ikkje kontroll på men da e for mykje folk so ser på te at du kan feiga ut. So mot adle instingte og indre advarsla skyve du deg utføre kanten ida tyngdekrafto teke øve kommandoen. Og da går ikkje meir enn noken sekunda før du har forstått at farten e alt for store både te å stoppa og te å fortsetta. Då må du berre stoppa opp litt og høyra itte. For bak skrikjo dine kan du høyra ein rå latter i da fjerna . Da e ikkje dei so ser på so ler. Nei, da e tyngdekrafto som ler so hu nesten grine. So når dåke ligge på røntgenbordet hos meg ein time ittepå, ikkje skyld på dåke sjøl, skyld på tyngdekrafto, da e hennas skyld.