søndag 26. januar 2014

Høne...

No e da lengje sio me har snakka om høne. Ditta velsigna flotta dyret so gjere da verdt å stå opp ein søndags morgon. Detta dyret so verpe ubefrukta embroer som me tar med oss inn i huset, koka i 4 minutt og ete. Nei høno fortjena mykje meir enn me e klar øve. Men da har skjedd noke forferdelig med hønesamfunno dei siste ti åro. Og detta har sneke seg inn uten att folk har våre klar øve da.
Da so har skjedd e atte  klasseskille har komme inn i hønsagården. Klasseskille sånn so da va før fyste verdenskrig. For no e da nåke so heite "first price" egg og noke so heite vanlige egg. Det vil sei atte hønene no e adskilt i to klassa. Lavast på rangstige e dei so verpe "first price" egg mens dei andre so verpe skikkelige egg leve i sus og i dus med dei beste livsvilkåra ei høna kan tenkja seg. Dei som verpe "first price" egg har da med andre ord nokså kommerligt. I tillegg kreve me forbrukara at hønene skal vera frittgåande. Og for "first price" høne betyr da  atte dei må gå longt for å finna nok mat. For da dei får hos bonden e berre litt sildaslo innimydle. Og når eg seie longt so meina eg fleire kilometer. Men da verst av alt e atte dei ofta ikkje rekke heim for å verpa. Reint statisstisk e da 50 % so må uteverpa so da heite på fagspråkje. Og sidan dei e mila vis frå heimen e da følgelig veldig longt å drassa på ditta eggje heim igjen. For "first price" hønene må bera eggjo sine heim sjøl og ofta rekke dei ikkje heim før longt på natt.  Da må ikkje dei andre hønene. For dei får mat i hønsahuset og sjøl om dei e frittgåande trenge dei ikkje gå so longt for å bli mette. Derfor e da skjelden at noken av desse uteverpa.I tillegg har dei alltid friske mais dei kan tyggja på og sku ei litt slarkete høna vera so uheldige å  sleppa eggje i frå seg når hu e ute kjeme bonden og leggje da på plass igjen. Nei, Gerhardsen ville snutt seg i gravo. For dei so ikkje veit kenn Gerhardsen va kan googla da.

søndag 19. januar 2014

Gode råd...

I dag trenge eg ett godt råd. Da har seg sånn at eg fekk ei gava til dagen min her for ei stond sio og da vart eg so forferdeligt gla for. Gavo var av ein slik art som kan brukast i heimen og e ein sånn karaffel te å ha forskjellige ting oppi.  Så vidt eg forstår e da flytande vesker so e hovedhensikten med tingjen. Men(sorry catrine, da må bli sånn) den må no kunna  brukast te andre ting og tenkte eg og satte ein fine blomsterbukett  oppi. Da fungerte veldigt bra heilt te blomane  visna og vatne va grønt. Då heiv eg blommane og vatnet med. Og då kjeme me til kjernen i probleme mitt. Korleis får ein vaska ein slik karaffel inni. Eg har prøvt alt mydle himmel og jord men da e umuligt å få han reine. Eg har endo te forsøkt å vrengja innsio ut men da fekk eg av forståelige grunna ikkje te. Eg har fylt han med såpevatten og tømt ut igjen hondra gonge, men nei flekkjen sete lika fast. Eg har prøvd å bruka  pinna so eg har knekt i ulike vinkla men da går ikkje da helde. Eg har forsøkt å stappa ett heilt kjøkenhånkle ner i uten at da tøtsja driten i da heila tatt. Og eg har endo te forsøkt varme hende og besvergelser, men nei flekkjen sete lika godt og smile te meg. So spørsmåle e: Har noken gode forslag te korleis ditta kan gjerast?
Pilo indikera kor skiten e
Eg e i ferd med å gje opp men har ein ide igjen. Søster mi har fått kattonga. Da vil sei atte da e kantten te søster mi so har fått kattonga. Og kattongane har akkuratt størrelsen te å kunna smetta ned  karaffelhalsen. Fyst tenkte eg å bruka den  kattongjen so e mest løden men problemet e atte den e litt dårlige te beins. So valgjet e falt på den som ikkje e fult so løden men til gjengjelt har store mage. Då tenkte eg dynka pelsen lett med mildt såpevatten og få kattongjen te å gå rondt og rondt nere i karaffelen ein føremiddag mens eg e på jobb. Etter mine beregninga burde flekkjen då vera vekke te eg kjeme heim igjen. Probleme blir imidlertid å få kattongjen opp igjen. Da e jo ein viss fare for at han trutna og neri der og blir verade der for alltid. So for å sleppa å bruka kattongjen tenkte eg at da e sikkert noken der ute so har ett godt forslag.

søndag 12. januar 2014

Snø..

Eg forstår ikkje da dere med snø. Ka e vitsen. Snø e vel da minst nyttiga vår herre har funne på. Ett kvitt belegg so legge seg øve alt. På veia, på bakkane, inne i naso og ned i myddle gensaren og halsen. Og ikkje minst når snøden okupera skona då e livet ikkje mykje verdt å leva. Nei, snø gjere live surt for dei fleste. For ka kan snø brukast te. Ingen ting!!! Da berre ligge der og irritera noke so forferdeligt grenselaust. Og so e da so forferdeligkt kalt.

Og da dere å gå på ski e jo fulstendig meiningslaust. Me spenne på oss nokre treplanka og e so lykkelige fordi me ska gå bortøve ein bakkje og so oppøve kansje. Og so når me har slete nåkre tima med ett falskt smil om monnen og tena fryse og e blitt blå på farge, lika blå so dei vibrerande leppene so og e frosne fast i da falskt lykkliga smile. Ja, då går me heim i gjen og lata som om att detta va vemodikt vakkert.  Og da e jo ikkje  lett å styra føtene når me sette på meter-lange fot- forforlengara. Da e ikkje naturligt for ett menesje å gjera sånt. Da finst  ikkje logisk i da heile tatt.Nei eg trur ikkje på da... Og so har dei lagt sånne skiheisa. Da e da mest hjernetomma eg ser. For skiheisa virka sånn atte folk me treplankana på beino blir slept opp i fjedle. Men  med ein gong dei e oppe skonda dei seg ned igjen. Då konde dei like godt våre nere då.  (eg veit at setninga aldri ska begynna med ett men. Men her syns eg budskapet e so viktig at me får gjera ett unntak). Og koffor går ikkje skiheisane bortøve i staden for oppøve. Da hadde våre mykje bedre og hadde hatt ein viss nytteverd. Då kunne ein nyta turen og konsentrert seg om andre viktigare ting.
Og snø gjer ingen positive bidrag til fastlandsøkonomien eller den internasjonale økonomien for den saks skuld, og for ikkje å gløyma kommune-økonomien. Snø e veldig lite positiv og har ingen nytte for samfunnet, snarare tvert i mot.  Og  kor i all verden blir alt da kvita av når snøden smelta?

søndag 5. januar 2014

Ei nye skjorta...

No e jul og nyttår øve og adle nyttårstalane e unnagjort. Kongen talte om noke so eg ikkje veit ka va, men da va vist ein fine tale. For å vera heilt erlige høyrte eg ikkje talen helde, men eg har fått med meg at den va forferdelig goe og atte den handla om kjærlighet. Ja, da va vist noke heilt nytt har eg fått høyra og kansje da e noke rett i da. Erna sin tale såg eg. Eg vart veldig opphengt i korleis hu hadde hendene sine og da mest spennande med heile talen va å venta på at hu skulle visa oss noke nytt med fingrane. Gå øve te ein ny finger konfigurasjon når hu sku sei noke viktig, eller når hu meget behersket roterte litt til høyre eller venstre. Eg ser for meg han derre mannen eller damo so står utenfor kamera sin synsvinkel og peika på korti hu ska bevega seg og ka vei. Vel, vel da va vist ein god tal har eg fått høyra, men eg kan ikkje fri meg frå tanken om at eg har høyrt akkuratt da samma før og ikkje berre ein gong.  Men da e hu so styre landet og da e vist viktig da politikarane seie.

Men viktigare enn nyttårstala e heilt andre ting. No i 2014 har eg mykje viktigare ting å ta meg av en å høyra på tåt frå politikara. Mitt store problem e atte skjorto eg fekk te jul e forliten. Eg får alltid skjorte te jul og da e eg veldig glad for. Men av og te e givarane so høflige at dei kjøpe skjorto ett nummer for liten, og da e jo ein god tanke. Men når eg då kjeme i butikken og skal  bytta i ei større so har dei aldri da. Og da irritera meg noke so forferdelig. Da e jo berre 2x. Og unskyldningen dei bruka e den same øve alt: Me får ikkje fleire av denna størrelsen i pakken. Ka i  ¤%#"/()& e ska da bety. Jo dei forklara da med at størrelse 2x blir representert med kun nokre få eksemplar når dei får inn nye vare. Ja, men bestill fleire då, seie eg. Nei da går ikkje, svara dei. Men koffor ikkje da når dåke alltid går tomme. Og så fortsette ei longe bortforklaring der dei skylda på andre. Eg blir so galen.....og so forferdelig arge...
Og her før jul blei eg so galen at eg tok  revansje. Eg tenkte at fyste og beste klesforretning som ynskylte seg skulle få smaka min hevn. Og det blei Vic på amfi senteret på Os. Eg tok føremiddagen til bruk og oppsøkte butikken med ærende å kjøpa ei skorta i størrelse 2x. Da fysta ekspedetrisa sa va at den størrelsen hadde dei ikkje so mongen av. Da skulle hu ikkje ha sakt. Eg sette opp ett medfølande smil og sa: eg får prøva noken andre då kansje dei e store i størrelse. Eg prøvde absolutt alle skjortene i butikken. Tok dei sirlig på meg og sio adle va altfor små strekte eg godt ut  på adle kanta. Og eg lot skjortestoffet nå inn i adle valkane og te slutt stappa eg skjorto ned i buksa, heilt innerst og rista godt laust. Og eg ba hu dere ekspeditrisa til å vurdera adle og prøvde hu å stikka seg vekk ropte eg på henne. Eg trur eg brukte bortimot to tima der. So sa eg at eg ikkje sku ha  noke og gjekk. I prøverommet låg da ein haug med godt brukte skjorte. ÅÅÅÅÅÅÅÅÅ da va so godt!!!!