søndag 27. april 2014

Våren og eiendomsskatt

Våren er kommen og da love ikkje bra. Ikkje da at eg misslike våren reint sånn generelt  men da e alt so fylje med so gjere da te ett slit... alt so skal gjerast. For eksempel sku eg ha malt huset. Da kvir eg meg te ikkje berre på grunn av at da e masse arbeid men på grunn av da økonomiska. Og da e ikkje att maling e så dyrt eg tenkje på... Nei, da so iritere meg (med ein r) e atte skatten blir mykje høgare. Har dåke tenkt på at to lag maling vil gjera huse større. Og e huset større må ein betala meir i eiendomsskatt. Og da iritera meg noko so grenselaust. For på sommaren når du e ferdig med malingjo og  du er på ferie kjeme kommunen og måle opp huset ditt på nytt. Og seinare får du ett vedtak i posten om at huset er blitt større og dermed må du ponga ut te lommebokjo blir heilt kalde.
No lika eg ikkje å mala huset inni helde eg...ikkje lika eg å tapetesera på nytt helde. Eg får rett og slett klaustrofobi av å tenkja på at romma i huset har blitt mindre. Eg føle meg inneklemde.... Men fordelen er jo at primærrommene i huso og har blitt mindre og da sku  tesei at eg må betale mindre eiendomsskatt. Men trur dåke kommunen bryr seg om da.... Nei, dei måle berre utenpå dei. E da løye me ete på rosa pilla?

mandag 21. april 2014

Hjulskift og barnevakt


Denna heljo har våre innholdsrike. For da fysta har eg våre barnevakt for Gurino og Kim Georg. Da enda med gråt og tender gnissel. Dei kom i hus om kvelden og starta med å lukta kvarandre bak som seg hør og bør men etter at da var gjort var da slutt på freden. Gurino såg eg knapt nok heile heljo. Da eg såg te henne va noke gult og kvitt so pilte øve golvet med ein  ronde grå ball i hælane etterfulgt av ei jamring som skar i  gjøne marg og bein. Te slutt kravla ho seg innonda lenestolen og fant ein plass øverst oppe på ei metallskinna og der vart hu sitjanis. Den grå ballen va for store te og komma innonda sjøl om han satte naso i sprekken og spant med bakjulo. Heldigvis e han ikkje so intlegente at han fant veien rondt på andra sio.  Detta varte i 3 dagar til ende.
For da andra: Skifta hjul på bilen. Da e da versta eg gjere. Da ødelegge livskvaliteten min heile februar, mars og april. Eg går i konstant angst for at disse hersens hjulo må skiftast. Eg har nemlig store kvelstelser fra barndomen å hanskast med når da gjelde hjulskift. Da va nemlig fast rituale kvar vår og haust å hjelpa ein slektning av meg med hjulskifet og da tok heile dagen. Da e to ting som er forferdelig med hjulskift og da e for da fysta å stilla inn jekken. For ein kan ikkje vera heilt sikker på at bilen blir ståande. Ein gong eg skulle skifta te vinterdekk ein kalde ittemiddag i Bergen datt bilen min av jekken. Da hadde ein naturlig forklaring og da va isen onda fjølo so jekke sto på. Eg måtte ropa itte hjelp, men da hjalp ikkje so mykje. Meir vil eg ikkje sei om den saken. Men so kjeme da versta og da e atte eg lerte av han slektningen at ein måtte teita skruane diagonalt. Ditta ligge so spikra i hjernen min. Men ka gjere ein når  bilen min har 5 muttra. Korleis kan ein då klara å teita diagonalt. Eg har forsøkt fleire metoda men da blir ikkje rett uansett og da tar nattesøvnen frå meg.

søndag 13. april 2014

Personlig hygjene

Katten har store problemer fortida, han slite med den personlige hygienen. Ikkje nok med at han ikkje skjøna det med å grava ned da han kvitta seg med nei han greve da i staden opp igjen. Men da e ikkje da so e problemet. Han e og veldig flinke te å vaska seg itte at han har vore på do og. For da e vist programert inn i håvene på katta at dei ska slikka seg sjøl etter kvart besøk i kassen. Tenk vist me mennesje sku gort da... Men i alle fall katten min har
skikkelig orden på instinktene og kvar gong han har våre på do kjeme han med ett stort glis inn i stovo og sette seg på sin vante plass og byrja slikka pelsen. Og han tar godt i. Nokre plasser bløytgjere han pelsen før han til slutt tørka øve og sentrofugera til slutt. Men problemet er at alle desse ritualene foregår på hans yndlingssitjeplass. Og da e på ett stort saugaskinn. Og skinnet har omtrent samme farge som pelsen hans. Og med hans intelekt, som eg no itte kvart begynna å tvila på, så slikka han heile saugaskinne i tillegg til sin egen pels. Han trur da e seg sjøl han slikka på. Og da føre jo med seg at han e heilt utsleten itte ein vaskeseanse. Tunga henge ut av monnen på han og han sovna momentant oppå da reina saugaskinnet. Eg har lenge tenkt eg ska opplysa han om feilen men da e då da dere med intellektet kjeme inn. Dessuten trenge han trimmen.

søndag 6. april 2014

Hotell

Litt folkeopplysning: Ein mann svetta ca 1½ liter svette per time. Svetten består av salt, natriumklorid, urea og små mengder albumin i tillegg te feromoner som e ett slags luktestoff som kan gje signaler om seksuell interesse. Du lure kansje på koffor eg skrive ditta. Jo, eg har leie på hotell. Eg har leie i same seng som la oss sei 500 andre menn  som svetta 1 1/2 liter og der ureakonsentrasjonen i madrasso må ha akkumulert seg te da ti dobbla, for ikkje å snaka om alle feromonene .   Og i tillegg har da sikkert leie mange dame i samme sengjo som kansje i tillegg  e mitt i mydle  pre og post menopausal alder og som e på jentetur og som svetta minst lika mykje i tillegg te da ein mann gjere…. og da einaste som skjele meg frå alle desse kropsveskene e 1 mm med laken. Tenk på da neste gong dåke ligge på hotell. Eg forstår ikkje at myndighetena kan  tillata da. Eg e glad for at eg har lert meg å sova ståande.

søndag 30. mars 2014

Frokost

No har eg ete frukost, fint brød, noke innsunkne på siene, og der sees også nokre divertikkler i skorpo. Oppå brødet hadde eg plommesyltetøy. Plommer kom opprinnelig frå Vest- Asia (kor no da e) men dyrkes no over heile verden.
Da finnes vel 2000 forskjellige sorter. Mitt plommesyltetøy har eg laga sjøl. Då tok eg plommer og skar ut steinane og satte det på kok over svak varme. Men itte ei stond blei eg så lei av og venta at eg skrudde plato på fult og da gjekk mykkje bedre. Da irriterrreee meg at da står «varmes opp på lav eller middels varme». Eg har aldri opplevd at da ikkje er bedre med full effekt. Og so drakk eg melke te men masse sukker i, eller suketta. Eg bruka helst suketta ellers hadde eg ikkje kunna beholda denne veltrimma kroppen som eg tross alt har. Da e ikkje gratis, mat e dyrt for tida. Ein liten digresjon til slutt, da va ein gong eg sette på jommagraut på fult på komfyren og gjekk å dusja. Da enda ikkje bra, men da e unntake som bekrefta regelen.

søndag 23. mars 2014

Frukostbordet

No sete eg ved frukostbordet  og ete bestemor. Ja, da e heilt sant. Og bestemor smaka godt so karamell og smelta i monnen. Eg serverte litt til katten og men han har gått til sultestreik. Han vart so formerma her om dagen at han  ikkje har tatt verken vått eller tort te seg på fleire daga . Men eg misstenke han for å gjera som tante pose. Han snike seg te mat om natto når ingen ser han.

For dei so lure på ka eg egentlig ete kan eg fortelja at da e da bestemorost eg snakka om. Bestemorost e ein brunost som har levd litt for lenge. Derfor e han mørke og nesten svarte Men god e han. Brunosten opprinnelse er forresten ein interessante historie. For brunosten blei oppfunne ved ett uhell. Da begynte med at da va ein mann som skulle stella åleine heime. I den tida då dette foregjekk va da ikkje ein selvfølge at mannen gjorde da. Nei da va kånene som stelte heima. Men no va kåno vekke og og mannen var åleine og sette på ei panna med melk te kok på ovenen. So gjekk han ut for å gjera manna ting og gløymde hele melkepanno. Då han kom inn igjen va innholdet blitt til brunost. Mannen heite vist tine og va gift med ei som heite Synnøve.

søndag 9. mars 2014

Då va da slutt...

No nerma da seg slutten. Dette er det 52 bloggeinlegget eg skrive og da sista.
No sitte eg og pjusken, eller Kim Georg so han egentlig heite å slappa av i sofaen etter at han har jakta på utvalgte deler av kroppen min den siste timen. Eg forsøkje å få lest ei bok men da vil vist ikkje Kim Georg. Men no e han leie av å jakta  på tommelfingrane mine so han har lagt seg te å sova.
Eg har lenge tenkt å døpa Kim Georg. Da søme seg jo for ett nytt fameliemedlem so ein ska dela livet med. Fyrst tenkte eg kyrkje dåp men sida det er snakk om ein katt blir da litt for blafemisk. Eg var og inne på tanken om ein sånn verdslig navnedag i regi av humanetisk forbund. Men itte nærmare ettertanke fortona da seg so dorganis kjedeligt. Ser for meg sitering av dikt; Nordal Grig, øse øse, øse. Kan bli trøtte av mindre. Dessuten e Kim Georg alt anna enn human. Han har klort meg til blods fleire gonge og han e ikkje meir enn to måna gammal.
Men eg her funne i løysing. Eg tenkje å samla den nermaste fameilen ein syndags ettermiddag hos dyrlegen og so kan me ha ein liten markering der. Me kan synja ett vers av for eksempel bjelleklang mens Kim Georg sovna inn i narkosen. Og so kan me ha ei Gudmor som står klar med sakso og som får æren av å kutta bjellene hans. Ittepå tenkte eg å servera middag. Kjøttbolla eller noke sånt. Trur da kan bli koselig. Men da får venta te da blir litt varmare i vere.

Med dette takka eg for meg!


søndag 2. mars 2014

Eiendoms katt

No håpa eg kommunen e fornødde no når eg har fått min eien  eiendoms katt. No rekna eg med at da blir slutt på å betala i dyra dommo for ikkje å ha da. Eg vit ikkje heilt om da ska meldast inn te kommunen på noko vis eg rekna med at da blir registrert ein eller anna plass slik at da ikkje står på neste rekning. Da eg lure på e om da stilles krav til denna eiendoms katten i form av at han ska kunna bera ut søppel eller gjera andre huslige ting. For gjere da da e eg idla ute for Kim Georg e ikkje altfor huslige av seg. Eg har prøvd å få han te å rydda i sin eigen do kasse med da går dårligt. Ikkje da at han visa seg heilt avvisande te å hjelpa meg men han står berre å ser på mens eg gjere jobben. Og so går han i veien og ska snusa på adle bananene eg plukka opp. Og so ser han på meg med store auge og virka litt såre for at eg hive hans ting so han hadde tenkt å snusa på å grava oppigjen med jevne mellomrom.Men å forsøkja å rydda opp i da sjøl e ikkje talom.

Eg syns at ett husdyr burde hejlpa te i huse. Rydda i sofaen for eksempel. Men der går han og sine egne veie, bokstavelig talt. For i staden for å ta rotet med seg og leggja det tebake der han fant da går han rondt. Men han e flinke te ein ting og da e å jakta på flåge. Der trur eg han har sitt potensiale. Og so lengje han e sopass liten kan det væra litt nytta i da. Men vist da e noke so han ska fortsettja me må eg skifta ut gardinene te noken med sterkare stoff. No e da nett sovidt dei helde. Og so e da ein anna ting han må læra seg og da e å snu når han kjeme te tops på gardino. Han kan ikkje rekna med at eg ska hjelpa han med da kvar gong. då e da jo lite hjelp i da heilatatt. Då kan eg jo jakta flågene sjøl. Men, men eg håpa da kjeme seg dess eldre han blir.

søndag 23. februar 2014

Kim Georg...Pjusken

No e Kim Georg kommen i hus. Han e oppatkalt etter kong Kim Georg som heilt sikkert levde i da gammla romerrike før år 0 elle noke sånt. Ikkje veit eg men han e i allefall blitt konge i huset. azzzzzzzzzzzzzzzzyst9888888nbi Akkuratt no e han travelt opptatt med å skriva blogg. Men so dåke kan sjå har han problemer med rettskrivning. Men +\ da e no vanligt at konga har. Akkuratt no datt han ned frå bordet. Jelpe meg kor da smalt.
Men han e kommen i hus og han e konge og eg har lurt på om han e i slekt med svanske kongen. For han og har vanskar med å følja dei rette instingto so ligge latent i addle dyr innklusive mennesje. Syklusen med da å eta grava hål dr... og grava øve e ikkje heilt innarbeid hos pjusken enda. Det må vera ein programeringsfeil. For Kim Georg begynna med å gå te matfatet. Da har han ingen problemer med. So ete han seg ferdige og drikke litt vatten....da e då da skjere seg...For itte atte at han e ferdig med å drikka begynna han å grava på golvet. Han grev og han greve på pure lufto og da kan sjå ut som om han kosa seg. So går han å gjere andre ting.
Itte ei tid melde behovet seg for at maten ska ut igjen og da og starta heilt itte bokjo. Han finne kattadoen med sand i , hoppa oppi og byrja snusa. So inntar han utgangsposisjonen og begynna å grava. Og han greve og greve, snur seg og ser kor store haug da e blitt og greve litt te. ..Då skjere da seg igjen ... for då vandra han heilt på toppen av haugen han har grave og so gjere han i frå seg der. Og ka skjer so...Jo han går ut av sanden og so greve han liksom øve da på golve i lausa lukto. Og agurkane blir liggjande oppå sandhaugen og dampa so da  dogga  på kjøkenglase. Og den som må grava øve da e meg. Men sånn e da. Svanskane må leva med kongen sin og eg med Kim Georg. Vist han slutta å hoppa fra ståvebordet då. Eg vit ikkje om dei tåle spagat med fira føte som monge gonge.

søndag 16. februar 2014

Kina...

Si da e lo i dag og sio eg syns da e forferdeligt kjedelikt ska eg i dag skriva om nåke so monge nok syns og e forferdeligt kjedeligt, eg ska nemmlig gå gjennom den Kinesiske historien frå år 0 te i dag og kansje komma inn på ka dette har å sei for oss so leve i dag. For da fysta: Kinesara e fulstendig galne og dei Kinesiske keisara var splitta pina galne. Da kan me slå fast allerede no med ein gong. Og adle keisarane trudde dei sku leva evig for dei va jo himmelenns sønner. Derfor lette mongen itte ein medusin so sku få dei te akkurat da, leva evig. For enkelte enda da dårligt, dei forgifta seg sjøl og dø. Og ein av keisarane, Hong meinte at han va Jesus yngre bror. Og i ett sammfun so baserte livet på konfusianisme og daoisme va da ikkje so enkelt å vidna fram med da synspunktet.
Men da fysta dynastie va Shang-dynastiet som regjerte frå da 1600-100 fkr. Og so gjekk da slag i slag med da eina dynastie itte da andra. Men felles for stort sett adle dynastiene va at dei va noke kløppara te å mura. Dei murte på adle tenkelige og utenkelige plasse. Og etter kvart gjekk da ein sport i da og dei hadde problemer med å slutta. Dei murte og murte og snart va dei kommen utenfor synsrado og ingjen hadde vet te å sei at dei sku stoppa. Derfor va Kina på ett tidspunkt fult av longe høge mura so ingjen kom seg øve. Ditta varte heilt te Djengis Khan kom frå Mongolia og reiv dei ned. Men straks han va ute av landet bygde Kinesarane dei opp igjen.
Men resten av verden brydde ikkje Kina seg om. For daoistane hadde ein filosofi so sa at dei hadde da best heima. "Uten å gå ut døren kan du kjenne verden. Uten å se ut vinduet kan du se Himmelens vei. Jo lengre bort du drar, desto mindre vet du". So da enda med att dei satt heima og syns dei hadde det greit der dei va og gredde seg med da dei oppfant sjøl. Og ein av tingene dei fant opp va lommatørkle. Og da fleire århundra før noken i veste hadde tenkt å snyta nasene med papir. Da vart ikkje fart i Kina sin utenrikshandel før i begynnelsen på 1800 talet då Engelskmenna frakta tusenvis av tonn med opium te Kina. Og da enda jo som da måtte. Du kan få ett inntrykk av korleis da arta seg vist du vandra rondt i Nygårdsparken i Bergen eller rondt sentrabanestasjonen i Oslo.
Men da aller mest kjenta dynastiet va Ming- dynastiet so regjerte frå 1368-1644 og som forutenom keiseren sjøl besto av tusenvis av evenukka. Og i den fysta Ming tio trossa dei daoismen og reiste heilt te India og Afrika. Men seinare angra dei seg og brendte alle båtane og la seg te i ming gravene sine som ligge litt utenfor Bejing.
So no veit dåke da.

søndag 9. februar 2014

Ol....

No e da vist lo eller ol so andre kalla da og da e vist noke so forferdeligt kjekt. Eg e vel ikkje lagde på den måten at ol e noke eg synst e so forferdeligt interessant. Tvert imot irritera da meg noke grenselaust  å sjå all den energien so går til spille i da forferdeliga logdryga arrangementet. For eksempel 5 mil på ski. Dei slite og dei svetta og dei streva seg oppøve bakkane og nedøve bakkane mens sikle henge frå naso og nedøve hako og av og te ner halsen. Og når dei endelig e kommen der dei hadde tenkt seg so vistnok heite mål so visa da seg at da e på samme plassen so dei starta frå. Ka e vitsen!!! Og so e da vist viktigt kenn so kjeme fyst. Eg trudde da va slutt på slike klasseskiller eg. Eg trudde da va slutt på at da ska vera forskjell på mennesker i allefall i ett demokratisk samfunn so da norska. Atte russara drive på me ditte e jo forståelig men at norge so e tufta på Gerhardesens solidariska samfunn kan driva på me sånt e uforståelig og ikkje lite flaut. Eg syns adle ska vinna eg. Da må vera ein menneskerett å vinna, og da burde våre forbudt å la noken tapa. For da e jo da politikara predika at adle må vera like og ha like rettigheter. For eksempel har me lik rett te å gifta oss med kenn me vill, dama med mann, dama og dama, mann og mann for da e ein menneskerett. Men da burde jo og være ein menneskerett at dei so vilde gifta seg med seg sjøl fekk lov te da og. Tenk for ei brullupsnatt da blir. Men i allefall burde adle vinna i ol ikkje berre den so kjeme fyst. Eg synst at fredsnasjonen norge  burde takka nei te å  vera med på dinna polariseringjo og  forskjellsbehandling av mennesje og til å oppildna te hat mydle nasjonana slik so ol gjere. Eg syns adle konkurransane burde våre avgjort på idealtid. Og so kunne ein også premiert flid. Altso korleis folk oppføre seg. For eksempel so burde adle so sikkla sleve nedøve kroppen våre diska.

søndag 2. februar 2014

Eg e so galen på tyngdekrafto

Eg e so galen på dinna tyngdekrafto. Det er nåke av da dommaste vår herre har lagt te. For da fysta so e tyngdekrafto nåke so forferdeligt svake, mykje svakare en dei andre 4 naturkreftene so styre landet, medregna regjeringjo.  Og då har eg ikkje rekna med Kristelig Folkeparti og Vinstre og helde ikkje LO. Men sjøl om  tyngdekrafto e svake har hu stor betydning for livene våres. Heilt utan blyksel gripe hu inn i dagliglivet og laga livet surt for oss. Da begynna allerede når me vakna om morgonen for da e tyngdekrafto sin feil at da e so forferdeligt tongt å reisa seg opp frå sengjo. Tyngdekrafto e  programert slik at akkuratt når du vakna e hu ekstra sterke.
Eg veit ikkje korleis da e med dåke men hos meg har kropsdelane ein tedens te å siga ut av posisjon i løpet av natto. So når morgonen kjeme ska da forferdeligt mykje strev te for å samla adle kroppsdelane  samen igjen. Og når alt e sånn nåkelunde på plass ska ein få kroppen opp av sengjo. Da e ett slit ska eg sei dåke. Og når ein endelig har fått føttna på dørken og ein står i innpakkningen ein fekk utdelt fra skapelsen av og ser i speilet, då kjeme tyngdekrafto igjen  og adle kroppsdelana sige sakte men sikkert på underhudsfettet nedøve mot golvet. Enkelte kroppsdela stoppa ikkje vandringjo før navl mens andre kroppsdela forsvinne heilt. Nei tyngdekrafto har mykje å svara for.

Tenk og på den fyste skituren på våren. Du står i brekkena og knena skjelve. Du veit at du ikkje må settja utføre fordi ditta har du ikkje kontroll på men da e for mykje folk so ser på te at du kan feiga ut. So mot adle instingte og indre advarsla skyve du deg utføre kanten ida tyngdekrafto teke øve kommandoen. Og da går ikkje meir enn noken sekunda før du har forstått at farten e alt for store både te å stoppa og te å fortsetta. Då må du berre stoppa opp litt og høyra itte. For bak skrikjo dine kan du høyra ein rå latter i da fjerna . Da e ikkje dei so ser på so ler. Nei, da e tyngdekrafto som ler so hu nesten grine. So når dåke ligge på røntgenbordet hos meg ein time ittepå, ikkje skyld på dåke sjøl, skyld på tyngdekrafto, da e hennas skyld.

søndag 26. januar 2014

Høne...

No e da lengje sio me har snakka om høne. Ditta velsigna flotta dyret so gjere da verdt å stå opp ein søndags morgon. Detta dyret so verpe ubefrukta embroer som me tar med oss inn i huset, koka i 4 minutt og ete. Nei høno fortjena mykje meir enn me e klar øve. Men da har skjedd noke forferdelig med hønesamfunno dei siste ti åro. Og detta har sneke seg inn uten att folk har våre klar øve da.
Da so har skjedd e atte  klasseskille har komme inn i hønsagården. Klasseskille sånn so da va før fyste verdenskrig. For no e da nåke so heite "first price" egg og noke so heite vanlige egg. Det vil sei atte hønene no e adskilt i to klassa. Lavast på rangstige e dei so verpe "first price" egg mens dei andre so verpe skikkelige egg leve i sus og i dus med dei beste livsvilkåra ei høna kan tenkja seg. Dei som verpe "first price" egg har da med andre ord nokså kommerligt. I tillegg kreve me forbrukara at hønene skal vera frittgåande. Og for "first price" høne betyr da  atte dei må gå longt for å finna nok mat. For da dei får hos bonden e berre litt sildaslo innimydle. Og når eg seie longt so meina eg fleire kilometer. Men da verst av alt e atte dei ofta ikkje rekke heim for å verpa. Reint statisstisk e da 50 % so må uteverpa so da heite på fagspråkje. Og sidan dei e mila vis frå heimen e da følgelig veldig longt å drassa på ditta eggje heim igjen. For "first price" hønene må bera eggjo sine heim sjøl og ofta rekke dei ikkje heim før longt på natt.  Da må ikkje dei andre hønene. For dei får mat i hønsahuset og sjøl om dei e frittgåande trenge dei ikkje gå so longt for å bli mette. Derfor e da skjelden at noken av desse uteverpa.I tillegg har dei alltid friske mais dei kan tyggja på og sku ei litt slarkete høna vera so uheldige å  sleppa eggje i frå seg når hu e ute kjeme bonden og leggje da på plass igjen. Nei, Gerhardsen ville snutt seg i gravo. For dei so ikkje veit kenn Gerhardsen va kan googla da.

søndag 19. januar 2014

Gode råd...

I dag trenge eg ett godt råd. Da har seg sånn at eg fekk ei gava til dagen min her for ei stond sio og da vart eg so forferdeligt gla for. Gavo var av ein slik art som kan brukast i heimen og e ein sånn karaffel te å ha forskjellige ting oppi.  Så vidt eg forstår e da flytande vesker so e hovedhensikten med tingjen. Men(sorry catrine, da må bli sånn) den må no kunna  brukast te andre ting og tenkte eg og satte ein fine blomsterbukett  oppi. Da fungerte veldigt bra heilt te blomane  visna og vatne va grønt. Då heiv eg blommane og vatnet med. Og då kjeme me til kjernen i probleme mitt. Korleis får ein vaska ein slik karaffel inni. Eg har prøvt alt mydle himmel og jord men da e umuligt å få han reine. Eg har endo te forsøkt å vrengja innsio ut men da fekk eg av forståelige grunna ikkje te. Eg har fylt han med såpevatten og tømt ut igjen hondra gonge, men nei flekkjen sete lika fast. Eg har prøvd å bruka  pinna so eg har knekt i ulike vinkla men da går ikkje da helde. Eg har forsøkt å stappa ett heilt kjøkenhånkle ner i uten at da tøtsja driten i da heila tatt. Og eg har endo te forsøkt varme hende og besvergelser, men nei flekkjen sete lika godt og smile te meg. So spørsmåle e: Har noken gode forslag te korleis ditta kan gjerast?
Pilo indikera kor skiten e
Eg e i ferd med å gje opp men har ein ide igjen. Søster mi har fått kattonga. Da vil sei atte da e kantten te søster mi so har fått kattonga. Og kattongane har akkuratt størrelsen te å kunna smetta ned  karaffelhalsen. Fyst tenkte eg å bruka den  kattongjen so e mest løden men problemet e atte den e litt dårlige te beins. So valgjet e falt på den som ikkje e fult so løden men til gjengjelt har store mage. Då tenkte eg dynka pelsen lett med mildt såpevatten og få kattongjen te å gå rondt og rondt nere i karaffelen ein føremiddag mens eg e på jobb. Etter mine beregninga burde flekkjen då vera vekke te eg kjeme heim igjen. Probleme blir imidlertid å få kattongjen opp igjen. Da e jo ein viss fare for at han trutna og neri der og blir verade der for alltid. So for å sleppa å bruka kattongjen tenkte eg at da e sikkert noken der ute so har ett godt forslag.

søndag 12. januar 2014

Snø..

Eg forstår ikkje da dere med snø. Ka e vitsen. Snø e vel da minst nyttiga vår herre har funne på. Ett kvitt belegg so legge seg øve alt. På veia, på bakkane, inne i naso og ned i myddle gensaren og halsen. Og ikkje minst når snøden okupera skona då e livet ikkje mykje verdt å leva. Nei, snø gjere live surt for dei fleste. For ka kan snø brukast te. Ingen ting!!! Da berre ligge der og irritera noke so forferdeligt grenselaust. Og so e da so forferdeligkt kalt.

Og da dere å gå på ski e jo fulstendig meiningslaust. Me spenne på oss nokre treplanka og e so lykkelige fordi me ska gå bortøve ein bakkje og so oppøve kansje. Og so når me har slete nåkre tima med ett falskt smil om monnen og tena fryse og e blitt blå på farge, lika blå so dei vibrerande leppene so og e frosne fast i da falskt lykkliga smile. Ja, då går me heim i gjen og lata som om att detta va vemodikt vakkert.  Og da e jo ikkje  lett å styra føtene når me sette på meter-lange fot- forforlengara. Da e ikkje naturligt for ett menesje å gjera sånt. Da finst  ikkje logisk i da heile tatt.Nei eg trur ikkje på da... Og so har dei lagt sånne skiheisa. Da e da mest hjernetomma eg ser. For skiheisa virka sånn atte folk me treplankana på beino blir slept opp i fjedle. Men  med ein gong dei e oppe skonda dei seg ned igjen. Då konde dei like godt våre nere då.  (eg veit at setninga aldri ska begynna med ett men. Men her syns eg budskapet e so viktig at me får gjera ett unntak). Og koffor går ikkje skiheisane bortøve i staden for oppøve. Da hadde våre mykje bedre og hadde hatt ein viss nytteverd. Då kunne ein nyta turen og konsentrert seg om andre viktigare ting.
Og snø gjer ingen positive bidrag til fastlandsøkonomien eller den internasjonale økonomien for den saks skuld, og for ikkje å gløyma kommune-økonomien. Snø e veldig lite positiv og har ingen nytte for samfunnet, snarare tvert i mot.  Og  kor i all verden blir alt da kvita av når snøden smelta?

søndag 5. januar 2014

Ei nye skjorta...

No e jul og nyttår øve og adle nyttårstalane e unnagjort. Kongen talte om noke so eg ikkje veit ka va, men da va vist ein fine tale. For å vera heilt erlige høyrte eg ikkje talen helde, men eg har fått med meg at den va forferdelig goe og atte den handla om kjærlighet. Ja, da va vist noke heilt nytt har eg fått høyra og kansje da e noke rett i da. Erna sin tale såg eg. Eg vart veldig opphengt i korleis hu hadde hendene sine og da mest spennande med heile talen va å venta på at hu skulle visa oss noke nytt med fingrane. Gå øve te ein ny finger konfigurasjon når hu sku sei noke viktig, eller når hu meget behersket roterte litt til høyre eller venstre. Eg ser for meg han derre mannen eller damo so står utenfor kamera sin synsvinkel og peika på korti hu ska bevega seg og ka vei. Vel, vel da va vist ein god tal har eg fått høyra, men eg kan ikkje fri meg frå tanken om at eg har høyrt akkuratt da samma før og ikkje berre ein gong.  Men da e hu so styre landet og da e vist viktig da politikarane seie.

Men viktigare enn nyttårstala e heilt andre ting. No i 2014 har eg mykje viktigare ting å ta meg av en å høyra på tåt frå politikara. Mitt store problem e atte skjorto eg fekk te jul e forliten. Eg får alltid skjorte te jul og da e eg veldig glad for. Men av og te e givarane so høflige at dei kjøpe skjorto ett nummer for liten, og da e jo ein god tanke. Men når eg då kjeme i butikken og skal  bytta i ei større so har dei aldri da. Og da irritera meg noke so forferdelig. Da e jo berre 2x. Og unskyldningen dei bruka e den same øve alt: Me får ikkje fleire av denna størrelsen i pakken. Ka i  ¤%#"/()& e ska da bety. Jo dei forklara da med at størrelse 2x blir representert med kun nokre få eksemplar når dei får inn nye vare. Ja, men bestill fleire då, seie eg. Nei da går ikkje, svara dei. Men koffor ikkje da når dåke alltid går tomme. Og så fortsette ei longe bortforklaring der dei skylda på andre. Eg blir so galen.....og so forferdelig arge...
Og her før jul blei eg so galen at eg tok  revansje. Eg tenkte at fyste og beste klesforretning som ynskylte seg skulle få smaka min hevn. Og det blei Vic på amfi senteret på Os. Eg tok føremiddagen til bruk og oppsøkte butikken med ærende å kjøpa ei skorta i størrelse 2x. Da fysta ekspedetrisa sa va at den størrelsen hadde dei ikkje so mongen av. Da skulle hu ikkje ha sakt. Eg sette opp ett medfølande smil og sa: eg får prøva noken andre då kansje dei e store i størrelse. Eg prøvde absolutt alle skjortene i butikken. Tok dei sirlig på meg og sio adle va altfor små strekte eg godt ut  på adle kanta. Og eg lot skjortestoffet nå inn i adle valkane og te slutt stappa eg skjorto ned i buksa, heilt innerst og rista godt laust. Og eg ba hu dere ekspeditrisa til å vurdera adle og prøvde hu å stikka seg vekk ropte eg på henne. Eg trur eg brukte bortimot to tima der. So sa eg at eg ikkje sku ha  noke og gjekk. I prøverommet låg da ein haug med godt brukte skjorte. ÅÅÅÅÅÅÅÅÅ da va so godt!!!!