søndag 2. februar 2014

Eg e so galen på tyngdekrafto

Eg e so galen på dinna tyngdekrafto. Det er nåke av da dommaste vår herre har lagt te. For da fysta so e tyngdekrafto nåke so forferdeligt svake, mykje svakare en dei andre 4 naturkreftene so styre landet, medregna regjeringjo.  Og då har eg ikkje rekna med Kristelig Folkeparti og Vinstre og helde ikkje LO. Men sjøl om  tyngdekrafto e svake har hu stor betydning for livene våres. Heilt utan blyksel gripe hu inn i dagliglivet og laga livet surt for oss. Da begynna allerede når me vakna om morgonen for da e tyngdekrafto sin feil at da e so forferdeligt tongt å reisa seg opp frå sengjo. Tyngdekrafto e  programert slik at akkuratt når du vakna e hu ekstra sterke.
Eg veit ikkje korleis da e med dåke men hos meg har kropsdelane ein tedens te å siga ut av posisjon i løpet av natto. So når morgonen kjeme ska da forferdeligt mykje strev te for å samla adle kroppsdelane  samen igjen. Og når alt e sånn nåkelunde på plass ska ein få kroppen opp av sengjo. Da e ett slit ska eg sei dåke. Og når ein endelig har fått føttna på dørken og ein står i innpakkningen ein fekk utdelt fra skapelsen av og ser i speilet, då kjeme tyngdekrafto igjen  og adle kroppsdelana sige sakte men sikkert på underhudsfettet nedøve mot golvet. Enkelte kroppsdela stoppa ikkje vandringjo før navl mens andre kroppsdela forsvinne heilt. Nei tyngdekrafto har mykje å svara for.

Tenk og på den fyste skituren på våren. Du står i brekkena og knena skjelve. Du veit at du ikkje må settja utføre fordi ditta har du ikkje kontroll på men da e for mykje folk so ser på te at du kan feiga ut. So mot adle instingte og indre advarsla skyve du deg utføre kanten ida tyngdekrafto teke øve kommandoen. Og da går ikkje meir enn noken sekunda før du har forstått at farten e alt for store både te å stoppa og te å fortsetta. Då må du berre stoppa opp litt og høyra itte. For bak skrikjo dine kan du høyra ein rå latter i da fjerna . Da e ikkje dei so ser på so ler. Nei, da e tyngdekrafto som ler so hu nesten grine. So når dåke ligge på røntgenbordet hos meg ein time ittepå, ikkje skyld på dåke sjøl, skyld på tyngdekrafto, da e hennas skyld.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar