mandag 21. april 2014

Hjulskift og barnevakt


Denna heljo har våre innholdsrike. For da fysta har eg våre barnevakt for Gurino og Kim Georg. Da enda med gråt og tender gnissel. Dei kom i hus om kvelden og starta med å lukta kvarandre bak som seg hør og bør men etter at da var gjort var da slutt på freden. Gurino såg eg knapt nok heile heljo. Da eg såg te henne va noke gult og kvitt so pilte øve golvet med ein  ronde grå ball i hælane etterfulgt av ei jamring som skar i  gjøne marg og bein. Te slutt kravla ho seg innonda lenestolen og fant ein plass øverst oppe på ei metallskinna og der vart hu sitjanis. Den grå ballen va for store te og komma innonda sjøl om han satte naso i sprekken og spant med bakjulo. Heldigvis e han ikkje so intlegente at han fant veien rondt på andra sio.  Detta varte i 3 dagar til ende.
For da andra: Skifta hjul på bilen. Da e da versta eg gjere. Da ødelegge livskvaliteten min heile februar, mars og april. Eg går i konstant angst for at disse hersens hjulo må skiftast. Eg har nemlig store kvelstelser fra barndomen å hanskast med når da gjelde hjulskift. Da va nemlig fast rituale kvar vår og haust å hjelpa ein slektning av meg med hjulskifet og da tok heile dagen. Da e to ting som er forferdelig med hjulskift og da e for da fysta å stilla inn jekken. For ein kan ikkje vera heilt sikker på at bilen blir ståande. Ein gong eg skulle skifta te vinterdekk ein kalde ittemiddag i Bergen datt bilen min av jekken. Da hadde ein naturlig forklaring og da va isen onda fjølo so jekke sto på. Eg måtte ropa itte hjelp, men da hjalp ikkje so mykje. Meir vil eg ikkje sei om den saken. Men so kjeme da versta og da e atte eg lerte av han slektningen at ein måtte teita skruane diagonalt. Ditta ligge so spikra i hjernen min. Men ka gjere ein når  bilen min har 5 muttra. Korleis kan ein då klara å teita diagonalt. Eg har forsøkt fleire metoda men da blir ikkje rett uansett og da tar nattesøvnen frå meg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar