søndag 19. januar 2014

Gode råd...

I dag trenge eg ett godt råd. Da har seg sånn at eg fekk ei gava til dagen min her for ei stond sio og da vart eg so forferdeligt gla for. Gavo var av ein slik art som kan brukast i heimen og e ein sånn karaffel te å ha forskjellige ting oppi.  Så vidt eg forstår e da flytande vesker so e hovedhensikten med tingjen. Men(sorry catrine, da må bli sånn) den må no kunna  brukast te andre ting og tenkte eg og satte ein fine blomsterbukett  oppi. Da fungerte veldigt bra heilt te blomane  visna og vatne va grønt. Då heiv eg blommane og vatnet med. Og då kjeme me til kjernen i probleme mitt. Korleis får ein vaska ein slik karaffel inni. Eg har prøvt alt mydle himmel og jord men da e umuligt å få han reine. Eg har endo te forsøkt å vrengja innsio ut men da fekk eg av forståelige grunna ikkje te. Eg har fylt han med såpevatten og tømt ut igjen hondra gonge, men nei flekkjen sete lika fast. Eg har prøvd å bruka  pinna so eg har knekt i ulike vinkla men da går ikkje da helde. Eg har forsøkt å stappa ett heilt kjøkenhånkle ner i uten at da tøtsja driten i da heila tatt. Og eg har endo te forsøkt varme hende og besvergelser, men nei flekkjen sete lika godt og smile te meg. So spørsmåle e: Har noken gode forslag te korleis ditta kan gjerast?
Pilo indikera kor skiten e
Eg e i ferd med å gje opp men har ein ide igjen. Søster mi har fått kattonga. Da vil sei atte da e kantten te søster mi so har fått kattonga. Og kattongane har akkuratt størrelsen te å kunna smetta ned  karaffelhalsen. Fyst tenkte eg å bruka den  kattongjen so e mest løden men problemet e atte den e litt dårlige te beins. So valgjet e falt på den som ikkje e fult so løden men til gjengjelt har store mage. Då tenkte eg dynka pelsen lett med mildt såpevatten og få kattongjen te å gå rondt og rondt nere i karaffelen ein føremiddag mens eg e på jobb. Etter mine beregninga burde flekkjen då vera vekke te eg kjeme heim igjen. Probleme blir imidlertid å få kattongjen opp igjen. Da e jo ein viss fare for at han trutna og neri der og blir verade der for alltid. So for å sleppa å bruka kattongjen tenkte eg at da e sikkert noken der ute so har ett godt forslag.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar